tips-nno

 

SPARA STRAUM

Det skal lite til for å spara straum og på “Spara straum” sida finn du gode tips for å redusera rekninga og forbruket ditt.

Det som er dei to største kjeldene til straumforbruket ditt er elektrisk oppvarming og varmt vatn.  Vert temperaturen senka i huset med ein grad og det bytast til sparedusj vil du spara straum.

I tipsa på sida her syner det kor mykje du vil spara i kroner og kor mange kg CO2 som til dømes byte til sparedusj tyder for å spare straum.

Biletet syner kor mange av brukarane (i %) av app’en som nyttar eller har planar om å nytta sparedusj.

Grunnlag for reknestykket

CO2 utslipp er henta frå NVEs varedeklarasjon for 2016. https://www.nve.no/elmarkedstilsynet-marknad-og-monopol/varedeklarasjon/nasjonal-varedeklarasjon-2016/

Varedeklarasjon (der straumen vert produsert) for kundar som ikkje kjøper kraft det er innløyst opphavsgarantiar for har samansetningen som vist nedanfor:

Fornybar kraft: 14%
Kjernekraft*: 21%
Varmekraft (fossile brensel): 64%
Vidare er det i  AIBs utrekninga meld inn følgjande CO2- faktorar:

Kolkraft:         1119 g/kWh
Gasskraft:       525 g/kWh
Vindkraft:        18 g/kWh
Kjernekraft:     13 g/kWh
Vasskraft:       5 g/kWh
Vert det nytta utslippstal frå teknologiane som ovanfor, kan CO2-faktoren for norsk kraftproduksjon verta anslege til 16 g/kWh i 2016 .

Det vert rekna ut eit utslipp av CO2 på 530 g/KWh knyt til den nasjonale varedeklarasjonen. Dette reflekterar ikkje CO2 utslippet knyt til norsk produksjon av kraft, men er eit tal for samanhengen mellom kraft og CO2-utslipp innanfor ordningane med varedeklarasjonar og opphavsgarantiar basert på RE-DISSAR prosjektet sitt utrekningsmetode.

Forklaring på tipsa

Bruk sparedusj

NOK: 1000
CO2(kg) utan opphavsgaranti: 530 kg
CO2 (kg) med opphavsgaranti (norsk vasskraft): 16 kg
Dersom du nyttar dusjen   til saman eit kvarter kvar dag, vil du spara omtrent 1000 kWh som er 1000 kr i året på ein sparedusj samanlikna med ein vanleg dusj. Ved å redusera mengd minutt i dusjen, sparar du endå meir.

Senk innetemperatur med ein grad

NOK: 1000
CO2(kg): 530 kg
Dersom temperaturen vert senka ein grad i ein bustad som brukar 20 000 kWh per år, vert innsparinga omlag 1000 kr per år.

Senk til under 15 gradar i rom som ikkje vert nytta

Bruk: 1200
CO2(kg): 636
Dersom bustaden din brukar 20 000 kWh per år, og du senkar temperaturen til under 15 gradar i 20% av oppvarmet areal, vil du spara omtrent 1200 kr/år.

(Dersom bustaden din har 100 m2 oppvarmet areal og du senkar temperaturen til under 15 gradar på 20 m2)

Dersom ein har eit rom med ein ovn på 1 kW og denne står på i 1000 timar per år for å gje ein temperatur på 20 gradar. Dersom ein senkar temperaturen til 15 gradar sparar ein i følgje enøk 275 kWh.

Innsparing: 275 kWh * 1 krone = 275 kronar

Dersom ein gjer dette på tre rom i huset vert innsparinga 825 kroner per år

Lukk døra til kalde rom

NOK: 1200
CO2(kg): 636
Dersom ein har eit kaldt rom der temperaturen er 15 gradar og ein har døra open til eit varmare rom der temperaturen skal vera 20 gradar vil varmen gå frå det varme til det kalde rommet. Ovnane i det varme rommet må då bruka meir straum for å halda oppe temperaturen.

Innsparing: 275 kWh * 1 krone = 275 kronar

Dersom ein gjer dette på tre rom i huset vert innsparinga 825 kroner per år

Byt til LED lyspærer

NOK: 900
CO2(kg): 480
Det er ikkje lenger lov å selja glødelamper, og eit godt alternativ er LED. Dei er dyrare i innkjøp, men varar lengre og sparar energi, og vil difor kunna løna seg i lengda. Kva du sparar kjem an på kor mange timar lampa lyser og kor kraftig han er, men ein tommelfingerregel er at du sparar nærare 100 kr per lyspunkt per år. Byter du 10 lamper, kan du rekna 800-1000 kr i besparelse per år.